Eg tok i veg denne varme julidag med ynskje om å gjennomføre ein ryggtravers over Venjetindane. Eg visste det ville bli noko drygt då det var sopass seint. Midtveges i bakken passerte eg ein triveleg danske som òg skulle opp.
Det var grei og fin klyving mot toppen, ikkje for vanskeleg, og ikkje for luftig heller.
Eg møtte eit klatrelag som hadde klatra vestruta om det sokalla drømmediederet, og såg fleire som gjekk der denne kvelden.
På toppen låg det eit fuglekadaver som lukta stramt. Då torevêret nærma seg frå aust, var det berre å koma seg hurtig ned att, og avbryte traversen. Det slo ned i Kyrkjetaket og passerte nord for Isfjorden, men det var ikkje vits å opphalde seg so høgt når ein ikkje veit kvar det kan slå ned lyn.
Fint fjell.
User comments