Haustsæterfjellet m.m. (27.09.2025)

Written by mariusmeland (Marius Meland) GSM

Start point Kroktjern (763m)
Endpoint Kroktjern (763m)
Duration 3h 12min
Distance 7.4km
Vertical meters 341m
GPS
Ascents Haustsæterfjellet (881m) 27.09.2025 11:30
Selbrennshøgde (790m) 27.09.2025 12:22
Kroktjernfjellet (832m) 27.09.2025 13:22

Rundtur i området.

Første topp var Haustsæterfjellet. Turen gjekk først langs ikkje-køyrbar veg til Haustsætri. Her tok eg av opp gjennom lia. Ingen sti her. Mykje skog, men på toppen vart utsikta fin :) Ber ikkje preg av mykje besøk.

Så gjekk turen ned att til Haustsætri for å gå på Selbrennhøgde. Turen gjekk så litt langs veg, før eg knalla opp gjennom lia, i eit terreng med spreidd furuskog, mykje ur og mykje berg. Ingen sti her heller. Toppen ber ikkje preg av mykje besøk.

Så gjekk turen ned att mot nord for å gå på Kroktjernfjellet. Her var det heller ikkje sti, bortsett frå eit par hundre meter med traktorveg/skogsveg før det gjekk bratt opp til Kroktjernfjellet. På Kroktjernfjellet var det god utsikt. Flatehogst er ikkje det finaste som finst, men utsikta blir i det minste bra!

Så gjekk det bratt nedover mot nord, og dei siste få hundre meter gjekk langs veg.

For andre som vil gå same turen, mistenker eg at bommane var opne pga. jakt, slik at det ikkje kan utelukkast at turen normalt må startast lengre ned i terrenget.

Dalsvatnet
Dalsvatnet
Litt forfallent ved Haustsætri
Litt forfallent ved Haustsætri
Fin utsikt frå Haustsæterfjellet
Fin utsikt frå Haustsæterfjellet
Fin utsikt frå Haustsæterfjellet
Fin utsikt frå Haustsæterfjellet
Fin utsikt frå Haustsæterfjellet
Fin utsikt frå Haustsæterfjellet
På veg opp mot Selbrennshøgde
På veg opp mot Selbrennshøgde
Her er toppen av Selbrennshøgde
Her er toppen av Selbrennshøgde
Turen mellom Selbrennshøgde og Kroktjernfjellet gjekk langs Svartetjernet
Turen mellom Selbrennshøgde og Kroktjernfjellet gjekk langs Svartetjernet
Her ser eg rett mot Kroktjernfjellet
Her ser eg rett mot Kroktjernfjellet
Flatehogst er kanskje ikkje det finaste, men utsikten frå Kroktjernfjellet blir då i det minste fin :)
Flatehogst er kanskje ikkje det finaste, men utsikten frå Kroktjernfjellet blir då i det minste fin :)
Også dette er frå Kroktjernfjellet
Også dette er frå Kroktjernfjellet

User comments

Comment title:
Characters left: 1000
Comment text:
You need to be logged in to write comments.