Smørløysa + (28.08.2025)

Written by kobbenes (Kristian Starheim) GSM

Start point Langevatnet (360m)
Duration 0h 1min
Distance 17.8km
Vertical meters 1,492m
GPS
Ascents Langelvfjella (1,021m) 28.08.2025 17:49
Smørløysa (1,140m) 28.08.2025 17:49
Blåfjellet (1,200m) 28.08.2025 17:49
Busperreaksla (1,122m) 28.08.2025 17:49

Denne turen har eg tenkt på lenge. Tre gråe nåler synlege frå skuleplassen på Firda - psykisk hardt å leve med over. tid. Fekk tips frå Hallgeir Hansen om sti frå Langedalsvatnet til Ångdalsvatnet. Då kunne eg gjere dette til ein fin runde.

Så då var det berre å vente på ein høvelig dag. I dag var det fint vær, og naturfag i siste time vart avlyst. Så då var det duka for sjølvstudie.

Tenkte at eg kom til å vere aleine oppi her, men møtte Nordfjord Folkehøgskule rett under Ångdalsvatnet. Bortsett frå det var det mykje sau - på dei mest aude stadere. Langelvfjellet må vere mellom dei meir eksklusive i Gloppen. Flott utsikt frå Blåfjellet (Breidalen), med ein spennande nordvegg og interessant terreng bortover mot Busperraksla. Herifrå var eg på kjent grunn - trudde eg. Men eg rota i hyllene på veg nedover Busperraksla og fekk nokon litt morsome nedklatringar.

Tilbake ved bilen etter 5t20min og 17.7 km. Knalltur i flotte Gjengedal Landskapsvernområde.

Smørløysa frå Ångdalsvatnet. Interessant navn på eit fjell - har dei gått smørlause opp i her?
Smørløysa frå Ångdalsvatnet. Interessant navn på eit fjell - har dei gått smørlause opp i her?
Toppen på Smørløysa
Toppen på Smørløysa
Blåfjellet 1390 er eit mektig stykke stein!
Blåfjellet 1390 er eit mektig stykke stein!
Varden på Smørløysa med utsikt til Sandane
Varden på Smørløysa med utsikt til Sandane
Langelvfjellet sin eksklusive profil
Langelvfjellet sin eksklusive profil
Ein eksklusiv profil på ein eksklusiv profil
Ein eksklusiv profil på ein eksklusiv profil
Blåfjellet 1390 igjen. Eg må ha meg ein tur dit
Blåfjellet 1390 igjen. Eg må ha meg ein tur dit
Eeeh, her er eg på Blåfjellet. Men det andre blåfjellet - ved Breidalen. Fint det også!
Eeeh, her er eg på Blåfjellet. Men det andre blåfjellet - ved Breidalen. Fint det også!
Mot Busperraksla og Gloppefjorden. Fint i Gloppen! Gloppen er toppen, som dei seier så kjekt.
Mot Busperraksla og Gloppefjorden. Fint i Gloppen! Gloppen er toppen, som dei seier så kjekt.
Nordveggen på Blåfjellet. Hallgeir har visst ein sti opp her også
Nordveggen på Blåfjellet. Hallgeir har visst ein sti opp her også
Start date 28.08.2025 11:50
(UTC+01:00 DST)
End date 28.08.2025 17:08
(UTC+01:00 DST)
Total Time 5h 17min
Moving Time 5h 07min
Stopped Time 0h 10min
Overall Average 3.3km/h
Moving Average 3.5km/h
Distance 17.8km
Vertical meters 1,492m

User comments

Comment title:
Characters left: 1000
Comment text:
You need to be logged in to write comments.