Draumedag til Grostaulnuten (25.06.2025)  6

Written by bakken59 GSM

Characteristic Hillwalk
Duration 4h 45min
Distance 7.1km
Vertical meters 456m
GPS
Ascents Grostøylnuten (1,199m) 25.06.2025

Fekk selskap av venninne med nøkkel til bommen i Håtovegen, så vi starta høgt oppe i lia ved Håto, gjekk så god traktorveg opp forbi Brekkestaul og opp til dei flate myrene ved Fjellstaul. Her er eg godt kjend om vinteren, og det var kjempefint å sjå kor nydeleg det er her om sommaren også. Vi bestemte oss for å halde ryggen oppover mot Grostaulnuten, og der gjekk det jammen ein stig som vi ganske snart kom inn på. Det var rett og slett ein heilt perfekt dag, sol, litt vind som heldt insekta borte, ikkje for varmt, ikkje for kaldt. Vi rasta i tørr lyng ved toppen og såg då rett over mot Sprettedalsnutane. Så gjekk vi nutane austover og fann ein bratt men farbar trasé som vi følgde ned til Kvanntjønndalen. Der gjekk vi på fin stig og etter kvart ganske brei seterveg til Grostaul der turfølget tok eit bad i Grostaultjønni. Så nedatt til bilen. Vi såg ikkje folk, men ei rype, ein gjøk (! min første) og ein hoggorm.
Vi gjekk seint, turfølget var i dårlegare form, og måtte dessutan streve med to hundar, den eine ein lånt stor hund, var svært sterk og heilt utan disiplin, så turfølget kava med å halde kontroll på han. Vi var borte i 4 t og 45 minutt, inkludert matpause, bad og fleire andre kvilepausar. Men dagen var perfekt for berre å drive slik rundt i Telemarks-naturen. Det blei 7,1 km og 456 hm. Ingunn var med + hundane Tina og Lotta.

User comments

Comment title:
Characters left: 1000
Comment text:
You need to be logged in to write comments.