Heggeberget (09.06.2025)

Written by Esone (Einar Moen) GSM

Characteristic Hillwalk
Duration 1h 26min
Distance 5.8km
Vertical meters 292m
GPS
Ascents Svartetjednberget (906m) 09.06.2025 18:19
Heggeberget (935m) 09.06.2025 18:33

Parkerte ved ei avkøyrsle, der eg såg at det var teikna inn ein traktorveg. Den leda mot ein sti, som Arne Magnus (Peak Floyd) nyttar jamnleg. Ringde han, men han nytta ikkje denne ruta. Fekk tips om ruta vidar oppover. Traktorvegen var etter hogstmaskin nokre år tilbake. Kom greitt oppover, berre litt kratt før breidare god hogstveg opp til sti. Følgde stien, og fann blå tynne tau på busker oppover. Då det tetna til med skog, valde eg å sikte på den grøne nåla fyrst. Såg litt fjellrygg ut på kartet, men den var kledd med relativt tett skog. Kom greitt til denne toppen, over og til nest topp. Bere å følgje glenner i skogen. Retur la eg langs ei myr med eit lite tjern, og her var det også sti. Runda så sør om "grøn-toppen", og kom tilbake til ruta som eg nytta opp. Sjølv om det innimellom vart litt "bushing", var det ein relativt grei tur.

User comments

Comment title:
Characters left: 1000
Comment text:
You need to be logged in to write comments.