Krakhellanipa i godt følge (30.05.2025)  5

Written by bakken59 GSM

Characteristic Hillwalk
Duration 3h 36min
Distance 7.5km
Vertical meters 604m
GPS
Ascents Krakhellenipa (568m) 30.05.2025

Anne og eg let reisefølget dra til Gulen, medan vi gjekk i land på Krakhella, og køyrde til svingen der det andre skiltet til Krakhellenipa stod. Derifrå følgde vi ein merkt stig som blei litt meir utydeleg etter den store myra, men vi nådde greitt den raudmerkte stigen og følgde den til topps. Veldig effektive høgdemetrar opp til 500 hm der fjellplatået flata ut bort mot toppen. Den traseen var merkt med varder heile vegen. Spektakulært toppunkt med vidt utsyn i alle retningar. Vi tok bilete, men pga vind og ganske låg temperatur, sparte vi nistepausen til vi var komne litt nedafor platået der vi fann ein spiseplass i le. Møtte to jenter som skulle gå 52 toppar i år, men som ikkje kjende til Peakbook! Trur vi verva dei inn….Nedturen gjekk greitt, sola kom meir fram og det blei varmare. Veldig vått i terrenget.
7,5 km, 3 t 39 inkl matpause, 604 hm. Anne var med.

User comments

Comment title:
Characters left: 1000
Comment text:
You need to be logged in to write comments.