Glitteregga (17.05.2025)
Written by Esone (Einar Moen)
Ascents | Glitteregga (1,297m) | 17.05.2025 15:35 |
---|---|---|
Visits of other PBEs | Randastøylen p-plass (482m) | 17.05.2025 13:51 |
Dag to, og topp tre. No snakka me primær-faktor. Over 1000 !! Køyrde mot Hennebygda frå Stryn-sida, for å få med oss heile nordsida her oppe. Mange vakre gardar på solsida her. Fann vegen mot Randastølen, med litt gps-søk. Gjennom eit tun, så bomveg-skilt med Vipps. Bratt på grusvegen i starten opp her. Farten måtte ned grunna tillaga skrå-groper, for å halde vatn borte frå å øydelegge vegbana. Smart det. Alternativet er stor kurvatur og djupe grøfter. Gikk fint opp med Bubilen på 220 X 675. God parkering nedafør stølsområdet. Inngjerda også her. Flott støl. Må gå i gjennom stølsområdet, og så byrja stien på høgre side av elva. God sti oppover, og den er nok mykje brukt. Etter ca 250 høgdemeter flata terrenget ut, og ein kom snart inn i eit flott slette-landskap. God sti her og. Merka varde der stien delte seg i retning mot Glitteregga. Inst i dalen her, eit brattare opptak på ca. 100 høgdemeter. Stor varde få hundre meter til høgre oppå ny flate. Eg gikk forbi, så litt inn dalen, før eg gikk i ein lang boge mot toppen. Valde på høgre side av høgda 1154, då eg tenkte at det ville redusere mengde med snø som underlag å gå på. Over 1020 moh. var det stort sett snø å gå på. Men den bar så godt av trugene vart på sekker heile dagen. Stor varde og ei enorm utsikt frå denne toppen. Kosa med med nista i finveret på sjølvaste 17. mai. Noko vind på toppen, men varden gav ly. Lett og tilfreds kar trippa og småsprang i 58 min nedatt til parkeringa.
User comments