SOS -Jostedalsbreen nasjonalpark! Austdalsnuten, Rundeggi ++ (26.04.2025)
Written by Eikås (Janne Eikås)
Ascents | Austdalsnuten (1,741m) | 26.04.2025 09:31 |
---|---|---|
Rundeggi (1,708m) | 26.04.2025 09:31 | |
Svartefjellet (1,808m) | 26.04.2025 09:31 | |
Sygneskarsfjellet (1,692m) | 26.04.2025 09:31 |
Landet med håp & drømmer!
https://www.youtube.com/watch?v=sWvdFIU6hZg
Det er ingen selfølge...
Dette vart ein ekstra spesiell tur med fokus på natur stilla og det vakre, storslåtte i Jostedalsbreen nasjonalpark. Men, Gondolplanane i gamle Jølster kommune, no Sunnfjord kommune er nærmere ein realitet meir enn nokon gang i Kjøsnesfjorden opp til Tverrfjellet inntil & i randsona Jostedalsbreen nasjonalpark. Alt dette ligg som eit bakteppe til alt som har med Jostedalsbreen nasjonalpark å gjere for tida. Det er no ein virkelig må rope SOS og slå ring om Jostedalsbreen som nasjonalpark meir enn nokon gang. No for første gang sidan 2014 er eg redd for at det er for seint!
Det er alt for få som forstår alvoret i snik utbygginga inntil & i nasjonalparkane våre. Vi suser avgårde til våre eigendefinerte mål og der stopper det uten vidare engasjement eller refleksjoner.
Det er Gondolmøte & folkemøte igjen på Skei Hotell den 14 mai 2025 Kl 19.00 - 21.00
For dei som trur at verna nasjonalparker er verna! Så må dykk alle tru om igjen! For den blir strekt kvar ein cm & meter for vidare anerkjennelse og profitt!
Jostedalsbreen er eigentlig verna som nasjonalpark, nettopp for å sikre eit unikt område for kommande generasjoner. Nasjonalparken famner både isbreen og randsona kring. Som inneheld morenesystem, elvedelta, vegetasjon, dyreliv og breen si utvikling er berre nokre døme på emne som har vore forska på over fleire år. Her finst viktige områder for internasjonal naturvitskapleg forskning. Utbyggerane bryt randsona & alt som handler om natur verdier.
Kva skal vi med vern? Det er ingen respons på "gamle" verdier, regler & bestemmelser i dette landet!
§ 35.(nasjonalparker)
Som nasjonalpark kan vernes større naturområder som inneholder særegne eller representative økosystemer eller landskap og som er uten tyngre naturinngrep.
I nasjonalparker skal ingen varig påvirkning av naturmiljø eller kulturminner finne sted, med mindre slik påvirkning er en forutsetning for å ivareta verneformålet. Forskriften skal verne landskapet med planter, dyr, geologiske forekomster og kulturminner mot utbygging, anlegg, forurensning og annen aktivitet som kan skade formålet med vernet, og sikre en uforstyrret opplevelse av naturen. Ferdsel til fots i samsvar med friluftslovens regler er tillatt. Slik ferdsel kan bare begrenses eller forbys i avgrensede områder i en nasjonalpark, og bare dersom det er nødvendig for å bevare planter eller dyr, kulturminner eller geologiske forekomster. - Lov om forvaltning av naturens mangfold Naturmangfaldloven § 35
Alle rundt og i Jostedalsbreen burde seie si meining! I starten var det ei handfull sunnfjordinger som starta planane om å bygge Gondol og som har lagt løpet for å krenke Jostedalsbreen nasjonalpark.

Takk for tur ilag Inge
User comments