Værmeldingane var faktisk ikkje så ille i dag. Tok sjansen på å besøke Svanøy og toppane der ute. Eg blei anbefalt å leige sykkel, men ettersom planen var å gå ruta over Storåsen og Kvalstadfjellet og vidare til Vågsfjellet, så slo eg det frå meg.
Eg tok båten frå Florø kl 9:00 noko som er perfekt avreisetidspunkt. Litt blæst i starten av turen, men så kom sola og vinden løya. Det slo meg at sjølv om det er godt merka med sti, var det ingen sti direkte opp på høgste punkta på nokon av toppane. På Kvalstadfjellet var det til og med litt kranglig med buskene.
Men utsikta frå Nobba og utsiktspunktet på Vågsfjellet var ingen ting å sei på.
Hadde tydelegvis veldig god tid for då eg kom ned til Svanøybukt hadde eg vel omlag ein time eg kunne kose meg i sola på.
User comments