Rinnå og Kammen (29.03.2025)
Written by olgamariet (Olga Marie Torsvik)
Ascents | Kammen (371m) | 29.03.2025 |
---|
Ny dag, ny Gjesdaltopp :D
I dag hadde eg fokus på Kammen, så det var pent av ein geocache-kollega og legge ut ein forlokkende belønning på toppen til meg. Attpåtil lonely med fleire år, så på tide at den fekk besøk.
Like glad var eg at Rinnå og hadde ein cache, for pust og pes for ein kraftanstrengelse det var å komme opp! Må vere dei 250 hardaste høgdemeterne på lenge.
Kjørte bak ein usannsynlig treig bil oppgjønå, elske 50-snegler i 80-soner, grr. Det kom akkurat nok biler i mot til at eg ikkje våga å kjøre forbi. Parkerte ved Røyrtunellen, og det gjorde snegla og. Ut tøyt det så mange polakker det hadde vore plass til inni ein bil, dei smilte og foreviga Ramstoknuten og var veldig skeptisk til den nokså entusiastiske Molly. Me hadde sett oss ut kor me skulle gå, og satte kursen ned mot gruvene. Eg tenkte nokså fort at det var trygt å sleppe Molly, ville blitt overraska dersom me møtte nåken andre. Molly har blitt seg sjøl igjen etter at dyrelengen har trukket vonde tennner, så ho forsvant avgårde og sjekka inn når eg ropte på henne.
Overraskelsen var derfor stor når me møtte på ein geiteflokk litt før Rinnå. Dei var av det blyge slaget, så dei for nedøve fjellsiden i ein fart som til og med kunne imponert til og med ein sunnmøring vil eg tru. I tillegg såg me ein hjort litt borti høgget, men Molly bare studerte dei og gjekk så fint atte.
Rett før Rinnå fant me igjen den stien me hadde hørt rykter om. Det var ikkje nåke problem å gå uten sti heller, for oss som ikkje e sjukt godt på å følge slikt.
Planen var då å følge stien videre til neste topp, men det funka bare sånn 100 meter også var vi ut i villmarka igjen. Hoho.
Denne etappen var a walk in the park i forhold til første del. Kom oss fint til toppen der var det ein ganske tøff steinkunst.
Tenkte å følge stien ned igjen og fant til og med et tau å holde seg i et stykke på veien. Så forsvant stien igjen, og me tusla ned fjellsiden et heilt anna sted enn me gjekk opp. Kom ned igjen på den lille parkeringsplassen rett før den store. Funker det og!
User comments