Det var lova opplett i dag. Og med så mykje regn som har komme den siste tida og snø som ikkje har "sett seg", så forsvann snøen fortare enn svint.
Etter kvart så letta det og det var mogleg å komme seg ut ein tur. Tykkjer runda rundt Fureviknipa, Skinnbroka, Fauskevarden er ganske fin runde. Tenkte eg skulle ta ruta frå parkeringsplassen ved Nordheia og gå over elva. Den var faktisk litt større og litt striare enn vanleg, så eg plumpa uti eit øyeblikk. Bra med vind på toppane, så det gjeld å "halde på hatten". Då er det jammen godt å ha ein vindtett jakke for å ikkje bli for kald. Faktisk heilt OK å gå utan broddar denne dagen, men klyvepartiet under toppen av Fauskevarden vart for isete for min del, så då blei det å gå ruta ein vanlegvis går på ski.
Stort sett fin tur, men med litt blaute sko. Rett før parkeringsplassen vart himmelen rosa, noko som gjorde det litt meir idyllisk.
User comments