Havreheia (22.12.2024)
Written by reikri (Reidun Kristiansen)
Ascents | Høgefjellet (591m) | 22.12.2024 |
---|---|---|
Høgefjellet (575m) | 22.12.2024 | |
Kvitefjellet (416m) | 22.12.2024 | |
Nyfjellet (448m) | 22.12.2024 | |
Visits of other PBEs | Ruiner - Brokabakkane (277m) | 22.12.2024 |
Grøneholten (408m) | 22.12.2024 | |
Torset turpostkasse (271m) | 22.12.2024 | |
Østenstad (340m) | 22.12.2024 |
Værmeldingane var ikkje så altfor verst og når vi har blitt vant til litt av kvart av vær denne hausten, så er vi ikkje så kresne på været lenger. Det er faktisk blitt slik at vi oppfattar at det er opplett sjølv om vi registrerer nokre dropar. Uttrykk som: "no regnar det ikkje SÅ mykje lenger" og vi klarer å glede oss over det.
Så var det å finne eit turmål der ein ikkje må vasse i snø til knea, så då valte vi oss Havreheia ved Dale. Vi parkerte ved vassverket. Det var rett nok ikkje så mykje regn og snø på turen, men ikkje så ille at vi vurderte å stå over. Vi fulgte rundtturen på ut, men tok opp til Høgefjellet, som er merkt sti. Litt motvind på toppen frå Høgefjellet og over til Havreheia. Det finns ein annan sti nedatt slik at det hadde vert ein rundttur, men på grunn av snøen vurderte vi at det var tryggast å gå opp og ned samme vegen frå Høgefjellet og følge rundturen vidare tilbake til bilen. Fin rundttur sjølv om vi knappast kan sei at vi holdt oss tørre på beina. Då er det godt med skoskifte og ein tur på kafè.
User comments