Smådalsnipa med kollegaer (02.10.2024)
Written by reikri (Reidun Kristiansen)
Ascents | Smådalsnipa (930m) | 02.10.2024 |
---|---|---|
Smådalsnipa NV (929m) | 02.10.2024 | |
Visits of other PBEs | Kleppstølen p-plass (330m) | 02.10.2024 |
Siste turen for sesongen med Førde vgs turlag.
Må innrømme eg var litt skeptisk når det kom dropar i det vi skulle starte, sjølv om værmeldingane ville ha det annleis. Men desse dropane gav seg fort. Lett driv oppover mot Stehoggestølen og tåke i sikte på toppen. På toppen var det dessverre ei blanding med tåke, men ikkje så mykje at det vart vanskeleg å finne fram ettersom stien er tydeleg og god.
Ein liten rast på toppen før vi begynte på fin driv nedatt. Etter kvart så kom jammen sola gjennom skyene og følelsen av å være heldig med været.
User comments