Sendehornet i Vang (21.09.2024)
Written by Esone (Einar Moen)
Ascents | Sendenøse (1,277m) | 21.09.2024 10:59 |
---|---|---|
Sendenøse Sør (1,267m) | 21.09.2024 11:06 | |
Vesle Sendehornet (1,332m) | 21.09.2024 11:36 | |
Store Sendehornet (1,503m) | 21.09.2024 12:08 |
Ny tur frå Olefjorden. Følgde sti på sørsida av "fjorden" ein god km innover. Så rett opp mot Sendenøsene. Litt bratt eit par plassar. Fint lett terreng oppå fjellet her, og så ned i retning Sendehorna. Aldeles nydeleg utsikt mot "horna". Fyrst opp på Vesle Sendehorn. Mindre bratt enn kva det såg ut til. Ved toppen traff eg på eit par med hund som var frå Beito. Kjekke folk, Målfrid og mannen. Nede ved skaret mellom toppane, måtte ein litt nedover, for å entre ryggen på Store Sendehornet. Her var det stort sett ei rute. Nokre trakk viste veg. Bratt opp i starten, og lettare etter kvart. Ei fantastisk utsikt frå denne toppen. Etter litt prat med Beito-paret, som hang på oppover, fotograferte eg litt, før retur. Litt anna rute tilbake, og den var svært grei. Stor naturopplevelse også i dag �
User comments