Vora (08.09.2024)
Written by reikri (Reidun Kristiansen)
Kjekk tur med tre flotte damer frå Gloppen. Værmeldingane var greie til ut på dagen, så vi starta relativt tidleg i håp om å unngå regnet. Bratt opp lia mot Strandaheia, deretter lettare og fint å gå med nymerka sti. Stien gjekk heilt bort til Voranova der vi hadde ein liten stopp ved Voranova for fotografering før vi sikta oss rett bort på toppen av Vora. Bra med vind på toppen i dag, men ikkje så veldig kaldt og nærare sommartemperatur.
Fint å gå nedatt og til tider svært lettgått. Siste stykket ned frå Strandaheia er relativt bratt og det gjekk roleg for seg. I det vi kom ned til vegen att starta regnet. God timing med god temperatur heile vegen.
User comments