Siste i gml Oppland: Store Hestbreapiggen i kanonvær (02.08.2024)
Written by bakken59
Ascents | Store Hestbreapiggen (2,172m) | 02.08.2024 |
---|
Endeleg! Den siste toppen i gml Oppland har eg i fleire år venta på eit høve til å prøve meg på. Og så klaffa vermeldinga samstundes med at eg fekk turfølge og hadde rom i kalenderen. På onsdag kveld fann eg fram til Skjåk almenning og inatur.no der vi leigde Sauhytta frå torsdag til fredag. Vi køyrde frå Oslo torsdag morgon, plukka opp nøkkelen til hytta på Bismo, spiste litt og lada bilen, og så bar det oppover Lundadalen. Bomveg på 50 kr, ganske dårleg veg, men vi kom greitt inn til Lundadalssætre. Starta å gå noko over kl 1700, og gjekk dei 9 km inn til Sauhytta på tre timar.
Hytta er perfekt for to personar. Lita og effektiv å fyre opp, vatn i elva rett nedafor, propanbluss og elles alt ein treng. Vi spiste real turmat og gjekk tidleg til sengs.
Dagen etter vakna vi til skyfritt og blikkstille vær, og tosifra temperatur frå morgonen av. Vi hadde kanskje tenkt at elva kunne vadast, men det kunne den absolutt ikkje, så vi gjekk opp til osen og over hengebrua der og så nedatt på andre sida. Vi prøvde å vinne høgde for å få starta litt på toppturen, men det var meir kav enn gevinst. Ned igjen følgde vi ryggen heilt ned og dnt-stigen opp igjen.
Vi gjekk greitt opp til 1600 hm, og var budde på at ura derifrå og opp blei strevsam. Det blei den! Storsteina litt ustabil ur som frå 1700 hm også var veldig bratt. Vi tok 50 hm av gangen og unte oss pustepauser med jamne mellomrom oppover. Turfølget var litt dårlegare form enn meg, så vi la klyvetempoet opp etter han. Toppunktet var heilt fantastisk. Framleis blikkstille og skyfritt, og utsyn til «heile» fjell-Noreg. Vi sat der oppe i ein dryg halvtime, deilig med mat og drikke, men vi grua oss nok også litt til turen ned ura igjen. Vi tok oss god tid, og greidde oss heilt utan uhell av noko slag. Hansker og éin stav fungerte fint. Då vi kom ned, såg vi lengselsfullt over til Sauhytta, og var ergerlige over at vi ikkje hadde tatt med oss soveposar og alt ekstrautstyr då vi starta om morgonen. Vi burde heller sett att overflødig vekt nedst i fjellsida og plukka det opp når vi kom ned, slik at vi kunne ha følgt stigen på Hestbrepiggsida av elva nedover. Men akk, så lure hadde vi ikkje vore, og vi måtte først opp igjen til hengebrua ved osen, og så dei tre kilometrane nedatt til Sauhytta.
Då var vi ganske slitne og sultne etter dryge 11 timar på føtene. Det hadde vore deilig å kvile på Sauhytta ei natt til, men eg hadde sjekka på tlf til almenningskontoret frå toppen, og hytta var leigd ut frå fredag til sundag, så vi måtte berre manne oss opp til ni nye kilometer tilbake til bilen. Så vi pakka saman, inntok eit nytt real turmat-måltid, og starta å gå kl 2040! Var tilbake i bilen kl 23:25. Dei siste kilometrane gjekk vi i tussmørke og møtte dei neste Sauhytte-gjestene knappe to kilometer frå bilen. Dei fekk lengre tur i mørket enn oss!
Vi var sårbeinte og slitne, men veldig godt nøgde med to fantastiske dager i Breheimen. For meg var dette den mest slitsame toppturen av kommunetoppane i det gamle Oppland, men turopplevinga var ubetinga positiv. Vi hadde eit heilt uslåeleg flott vær, Lundadalen er nydeleg og toppunktet skikkeleg spektakulært. Og eg kjende at firma er ganske god -deilig med meistring!
Vi blei tatt imot av kjenning med gard i Skjåk, og det smakte godt med kald drikke og varm dusj der noko etter midnatt! 17 timar på tur, 1641 hm, 36 km fordelt på to dagar. Den første var 9 km og 443 hm og 3 timar. Tom var heltemodig med.
User comments
Gratulerer med finaletopp
Written by Stigun 03.08.2024 17:37i gamle Oppland! Og så DET været(vi hadde det samme på hytten i Vang..); kunne ikke ha blitt bedre. Godt med alt som er gjort ;)
Sv: Gratulerer med finaletopp
Written by bakken59 03.08.2024 17:43Takk Stig! Kjempegod kjensle etter denne siste Opplands-turen. Manglar tre i Rogaland og fire i Hordaland, så dei fylka er innafor horisonten.