Årdal, Fleskedalsnosi m.fl. (01.08.2024)

Written by Esone (Einar Moen) GSM

Characteristic Hillwalk
Duration 7h 16min
Distance 23.7km
Vertical meters 1,435m
GPS
Ascents Skarbottsnosi (1,693m) 01.08.2024 12:06
Fleskedalsnosi (1,780m) 01.08.2024 12:54
Nord for Fleskedalen (1,610m) 01.08.2024 14:07
Øst for Friken (1,506m) 01.08.2024 14:40
Uradalsvatnet S1 (1,358m) 01.08.2024 16:38

Ny tur i Jotunheimen på andre av to feriedagar midt i veka. Nytt for meg å gå tur frå Koldedalen. Fint å gå innover, og Uranostinden er umåteleg vakker tett på. Vi gikk opp eit skar, fyrst på Skarbottnosi, så nedatt, og opp på «Fleskedalsnosi». Namnsettinga på denne er truleg feil. No har eg nytta namnet Fleskedalsnosi, fordi det er namnet som automatisk kjem opp frå Peakbook. Kartverket nyttar Skarbottsnosi, som må vere feil. Skarbottsnosi må vere 1693-toppen. Etter innspel basert på lokal kunnskap over tid, har fjellryggen namnet Fleskenosi, og då bør høgaste toppen bere namnet Fleskenostind. Greitt ned frå denne, nytt skar, og opp til Nord for Fleskedalsnosi (som burde hatt namnet Nord for Fleskenostind, eller Fleskenosi, sidan den er nest høgast, og høgast før «Tinden»). Ikkje så lett med stadnamn. Denne toppen (dagens nr. 3), såg bratt ut på avtand, men fjellet legg seg. Brattare ned frå denne enn førre, men lett å finne ei grei rute. Ein liten rast i skaret, og lett opp til fjerde topp, Øst for Friken. Nydeleg utsikt heile vegen. Baksida av Stølsnostindane fasinerar. Vakkert. Så slapp vi oss ganske fint på skrå i retning Fleskenosdalen. Fint å gå inn denne dalen. Bratt opp ved foss, men her er det DNT-sti. Ove gikk over Snøggeknosi frå fjellfoten. Mine lårmusklar byrja å bli tunge etter knapt 27 km og 1700 høgdemeter i går, så eg rusla fint tilbake til Koldedalen. Flott lys på foten av Uranostinden. Då eg var framme ved bilen var det kun 20 min. å vente til Ove var ferdig med sin 5. topp for dagen. Nydeleg dag og ei stor oppleving i fjellheimen.

Hjelledalstind og Falketind. Klassisk objekt.
Hjelledalstind og Falketind. Klassisk objekt.
Falketind og Stølsnostind sett frå baksida.
Falketind og Stølsnostind sett frå baksida.
Frå Fleskedalsnosi. Skarbottnosi som vi besøkte fyrst nærast.
Frå Fleskedalsnosi. Skarbottnosi som vi besøkte fyrst nærast.
Ser tilbake på Fleskedalsnosi til venstre. Fjellryggen i midten er ryggen mot Snøggeknosi.
Ser tilbake på Fleskedalsnosi til venstre. Fjellryggen i midten er ryggen mot Snøggeknosi.
Mot Nord for Fleskedalsnosi.
Mot Nord for Fleskedalsnosi.
Sett tilbake mot Nord for Fleskedalsnosi.
Sett tilbake mot Nord for Fleskedalsnosi.
Stølsnostindane med brear. Sett frå Øst for Friken.
Stølsnostindane med brear. Sett frå Øst for Friken.
Inn Fleskenosdalen.
Inn Fleskenosdalen.
Snøggeknosi.
Snøggeknosi.
Inst i Fleskenosdalen, går DNT-ruta opp her.
Inst i Fleskenosdalen, går DNT-ruta opp her.
Tilbake mot Hurrungane.
Tilbake mot Hurrungane.
Flotte fargar under Uranostinden.
Flotte fargar under Uranostinden.
Fleskedalsnosi sett på retur.
Fleskedalsnosi sett på retur.

User comments

Comment title:
Characters left: 1000
Comment text:
You need to be logged in to write comments.