Skridulaupen (02.06.2024)  4

Written by vannilsengiggs (Vegard O. Nilsen)

Start point Heillstuguvatnet parkeringsplass (1,005m)
Endpoint Heillstuguvatnet parkeringsplass (1,005m)
Characteristic Randonnée/Telemark
Duration 4h 37min
Distance 16.8km
Vertical meters 1,106m
Map
Ascents Skridulaupen Midtre (1,925m) 02.06.2024
Skridulaupen (1,962m) 02.06.2024
Skridulaupen Øst (1,949m) 02.06.2024
Nord for Åfåttjønnin (1,317m) 02.06.2024
Visits of other PBEs Heillstuguvatnet parkeringsplass (1,005m) 02.06.2024

Avslutning på skisesongen med fjellkongen ddmbeast (David Dagestad Myklebust). Tett skydekke frå Ørsta til Grasdalstunnelen. Strålande sol på Strynefjellet.

Etter nokon veker uten ski på beina var vi usikre på snømengda, men hadde via rykter fått høyre om flotte forhold på Skridulaupen. Ved parkeringa såg det svært tynt ut. Gjekk på beina til Nord for Åfåttjønnin. Her i frå gjekk det snøarmar vidare mot Skridulapen Øst. Flott side opp til toppen. Ski måtte av eit stykke lang ryggen mot hovudtoppen. Kringsjået på toppen var turen verdig, men det såg igjen svært vanskeleg ut å kome seg tilbake til bilen uten å måtte ta av seg skia. Vi kjørte ned rett aust for hovudtoppen. Perfekt sommarsnø. Vi fann ei arm som gjekk så og seie heilt ned til Heillstuguvatnet (litt meir mot vest enn der vi gjekk opp). Ein strålande dag og ei flott avslutning på skisesongen.

User comments

Comment title:
Characters left: 1000
Comment text:
You need to be logged in to write comments.