Skardstinden (28.07.2024)

Written by JonOlavRingheim (Jon Olav Ringheim)

Map
Ascents Dumhøe (2,181m) 28.07.2024
Søre Dumhøe (2,174m) 28.07.2024
Skardstinden (2,373m) 28.07.2024
Vestre Skardstinden (2,221m) 28.07.2024

Fin tur saman med Simon. Me gjekk frå Geitsætre ca klokka 10.30. Fin sti eit stykke oppover, så ur som var greit å gå i. Sidan Dumhøe berre var ein kort avstikkar tok me med oss denne toppen sjølv om han ikkje har meir enn primærfaktor 20. Etter Vestre Skardstind fulgte me eggen heile vegen til Skardstinden. Nokre stader var det ganske bratt og luftig (klyving grad 2-3). Dersom det hadde vore heilt tørt ville nok det meste føltes trygt å gå utan tau, men når det var litt fuktig og sleipt enkelte stader kjentes det trygt å klatre med tau dei vanskelegaste partia. Me vurderta å gå på Nåle også, men det var dårleg sikt og me fekk nokre lette snøbyger, så det frista ikkje så mykje. Returen frå under Nåle var bratt og laus. Me tok ein rappell heilt i starten.

User comments

Comment title:
Characters left: 1000
Comment text:
You need to be logged in to write comments.