Høgafjellet (10.07.2024)

Written by AnitaA (Anita Austarå) GSM

Duration 1h 22min
Distance 3.6km
Vertical meters 202m
GPS
Ascents Høgafjellet (260m) 10.07.2024 13:46

Etter den fine dagen i går var dagen i dag våt og grå. Då passar det godt med slike skogkledde småtoppar som eg nok ikkje hadde tenkt at var verdt eit besøk, dersom dei ikkje stod på samlelista. Me kravla oss opp i bratt terreng og var enige om at me håpa å finna ein bedre veg nedatt. Siden det var ein postkasse på toppen som det var notert navn i regelmessig i, følgde me stien som leda ned frå denne. Sjølv om me missa stien eit par gonger, var det ein god sti og me enda nede i Sandvik og så gjekk me bilvegen opptatt til parkeringen ved Sandviktjørna.

User comments

Comment title:
Characters left: 1000
Comment text:
You need to be logged in to write comments.