Lærdal, Bårdshøgdi og Såta (27.06.2024)

Written by Esone (Einar Moen) GSM

Characteristic Hillwalk
Duration 7h 02min
Distance 19.8km
Vertical meters 1,860m
GPS
Ascents Bårdshøgdi (1,644m) 27.06.2024 13:50
Store Grånosi (1,586m) 27.06.2024 14:25
Vetle Grånosi (1,526m) 27.06.2024 14:45
Såta (1,408m) 27.06.2024 15:45

Tur i heimeområdet. Dette er ikkje lettaste ruta til Bårdshøgdi, men ei rute eg hadde lyst å gå. Frå Tønjum mot Badnestein gikk det greitt med lågt tempo. Vidare mot Krosshedleren og opp åsen mot Triangelpunktet, 1000 moh., og Skigrov, 1250. Pause og mat der. På etappa mellom 0:45 og 1:15 sleit eg. Utruleg varmt i dag, med 29 grader nedi dalen viste det seg. Veldig fint å gå frå Skigrov opp til Bårdshøgdi. No med god vind. Fantastisk utsikt undervegs på denne turen. Lett, og greit steinparti bort til Store Grånosi. No kosa eg meg. Vinden auka på, og rundt toppane blæs det no kraftig. Temperaturen var så høg at det ikkje var eit problem. Lettgått også til Vetle Grånosi. Men eit noko bratt kort nedtak til venstre for ei snøbre. Ned frå Vetle Grånosi var det innimellom meir ulendt, med nokre større blokkparti. Ganske greitt å styre unna det verste. Nede i skaret er det nokre ryggar og skrentar som eg måte manøvrere litt rundt og mellom. Fint opp til Såta, etter fyrste kneika. Opp her blæs det enormt, slik at eg sjangla meg bort til varden. Ly bakom varden for siste skjeva. Fann ei grei rute ned til Hognåsen. Svært flott utsikt ned til stølsområdet, med fint landskap rundt, og fjorden og fjella. Fin sti nedatt til Habben, kaien i Lærdal. Nydeleg dag i fjellet, og med mange høgdemeter kjennest det. Men pinsla opp Tønjaåsen vart gløymt etter tregrensa då vinden hjalp til.

Kommentarer

Tittel:
Tilgjengelige tegn: 1000
Kommentartekst:
Du må være innlogget for å skrive kommentarer.