Kjølafjellet og Gravfjellet med fleire (18.06.2024)

Written by Esone (Einar Moen) GSM

Characteristic Hillwalk
Duration 2h 22min
Distance 11.4km
Vertical meters 551m
GPS
Ascents Søraust for Kjølafjellet (1,053m) 18.06.2024 18:24
Kjølafjellet (1,225m) 18.06.2024 18:52
Heimre Kjølafjellet (1,211m) 18.06.2024 19:01
Vest for Gravfjellet (1,165m) 18.06.2024 19:41
Gravfjellet (1,173m) 18.06.2024 19:48
Gravfjellet Øst (1,134m) 18.06.2024 19:55

Målet var Kjølafjellet, noko som var grei skuring. Undervegs kom eg i vurderinger om ein rundtur. Og slik blei det. Fyrst på grusveg eit stykke, før tydeleg og mykje brukt sti til toppen Kjølafjellet. Held fram vidare mot neste topp med stor varde. Flott utsikt på turen over fjellryggane her. Frå Skaget, Rasletindar, Kalvehøgder og Torfinnstindar, og mange fleire. Store kontraster, når ein så vender blikket austover til snillare terreng. Nydeleg stølsvidder innimellom, og rundtomkring. Vakkert. Valde å halde fram på sti over ryggen, og returnerte på sti i motsatt retning etter kvart. Viste seg at det var god sti til siste raude topp, Gravfjellet også. Tok så ryggen nedatt. Litt lenger en retur frå skaret kanskje, men fin rundtur blei det. Marita serverte god kaffi og øl i bubilen etter turen.

User comments

Comment title:
Characters left: 1000
Comment text:
You need to be logged in to write comments.