Naganibba og Godlifjellet frå Liarvatnet (14.06.2024)

Written by Kaare_70 GSM

Map
Ascents Godlifjellet (768m) 14.06.2024
Naganibba (747m) 14.06.2024
Aust for Naganibba (748m) 14.06.2024
Visits of other PBEs Nagastølen (480m) 14.06.2024

Fin tur til platået ved Naganibba og overnatting ved utløpet av Krokavatnet. På nesten 700moh er dette høgstliggande vatnet i Strand med god margin og ditto lite besøkt. Det var meldt gråver med ein del vind og fare for nedbør, spesielt om natta og neste dag, så teltet måtte vera med.

Eg var tidleg ferdig på jobb og derfor tidleg i gang frå parkeringa ved Liarvatnet. Etter å ha helsa på ein kjenning kom eg av garde litt etter kl. 1530. Alt her såg eg truleg ein smålom i flukt frå Dalavatnet innover Liarvatnet. Eg såg same slaget ei vekes tid seinare på same staden, og med erfaringa mi med smålom i området gjennom mange år, er eg ganske sikker på at det var den.

Turen gjekk raskaste vegen inn Småsildalen og bratt opp til Nagaheia på sørsida; stien her er heller dårleg. På Nagaheia var det merkelappar om 7-fjellsturen, og eg såg óg ei lita gruppe som truleg tok turen på førehand. Sjølv skulle eg jo opp den neste bratte bakken mot Nibba og Krokavatnet, og etter bare 1 ½ time på tur toppa eg ut på Nibba, til framifrå utsikt som alltid, men óg ein frisk austavind.

Klassisk utsikt frå Naganibba
Klassisk utsikt frå Naganibba
Mot Krokavatnet og Godlifjellet
Mot Krokavatnet og Godlifjellet

Vidare gjekk det stilaust bort til Krokavatnet, der eg fann ein fin teltplass like ved utløpet. Her var det brukbart le for vinden og strategisk plassering for tur vidare til Godlifjellet og evt. heilt til Bratteliknuten. Etter å ha sett opp teltet gjekk vegen vidare austover på stadvis nødla sti, og eg lærte sist eg var her oppe at det var lurt å følga denne. Kjekt å sjå Godlifjellet på nært hald att, eit fjell eg har hatt eit spesielt forhold til sidan ekspedisjonen vår hit inn som 18-åringar. Vegen opp gjekk då som nå, via den stadvis luftige men heilt ufarlege nordryggen, og eg brukte 40 min frå teltet i makeleg tempo.

Residensen min for natta, med Nibba i bakgrunnen
Residensen min for natta, med Nibba i bakgrunnen
Godlifjellet tek seg godt ut!
Godlifjellet tek seg godt ut!
Mot Gryteholstjødna og Svartavassknuten
Mot Gryteholstjødna og Svartavassknuten
Mot Bratteliknuten
Mot Bratteliknuten
Ned Djupedalen mot Hengjanevatnet, med Moslivarden dominerande
Ned Djupedalen mot Hengjanevatnet, med Moslivarden dominerande
Fornøgd på Godlifjellet!
Fornøgd på Godlifjellet!
Mot Godlitjødnane og Svartavatnet
Mot Godlitjødnane og Svartavatnet
Solgløtt og utsikt vestover Svortingsvatnet, med Nibba dominerande
Solgløtt og utsikt vestover Svortingsvatnet, med Nibba dominerande

Det frista storleg med ein tur vidare til Godlitjødnane og Bratteliknuten, men veret var såpass usikkert at eg trekte halen mellom beina. Det fekk heller verta nytt forsøk neste dag. Etter ein sving bortom eit anna høgdepunkt og nokre bilder gjekk returen same veg til teltet. Her vart det lettvint middag på stormkjøkkenet før eg tok ein kort kveldstur til topps på 748-toppen aust for Nibba. Det var fint med blomar her oppe midt i juni, og stadvis mykje moltelauv. Av blomar kjende eg i alle fall att skogstjerne, skrubber/kaffiber, marimjelle, tepperot og tettegras, som forresten er ei av dei få kjøtetande plantene i naturen vår.

Mot Krokavatnet
Mot Krokavatnet
Mot teltplassen ved utløpet av Krokavatnet
Mot teltplassen ved utløpet av Krokavatnet

Om natta regna det ein del – regnet hadde eg stort sett unngått heilt kvelden før – og om morgonen vart det like godt vendereis via Svortingsvatnet til bilen. Så høyrer det med til soga at veret vart mykje betre enn meldt denne dagen. Faktisk skein sola då eg kom ned i Lågalia, så hadde eg visst det, hadde eg nok blitt verande i Jørpelandsheia. Men i staden vart det tur til Bjerkreim på meg, og det var ei god erstatning.

Retur med utsikt mot Nagatjødnane og Krossfjellet
Retur med utsikt mot Nagatjødnane og Krossfjellet
Ved Nagastølen
Ved Nagastølen
Ved Svortingsvatnet med kraftig blest frå aust
Ved Svortingsvatnet med kraftig blest frå aust

Då eg kom ned til Foreneset, vart forresten mistanken min om at 7-fjellsturen vart arrangert denne dagen bekrefta. Kanskje like godt eg kom meg ned frå Nagaheia før storinnrykket!

Av fugleliv var det ein del ravn å sjå både ved teltplassen og langs Svortingsvatnet. Dessutan var det ein dompap ved same vatnet, bl.a. munk og svartkvit fluesnappar i skogen og sjølvsagt heipiplerke i høgda.

User comments

Comment title:
Characters left: 1000
Comment text:
You need to be logged in to write comments.