Areberg og Gravehovdane (08.06.2024)

Written by Esone (Einar Moen) GSM

Characteristic Hillwalk
Duration 4h 10min
Distance 14.9km
Vertical meters 1,256m
GPS
Ascents Gravehovdane (1,584m) 08.06.2024 14:09

Kombinerte Lærdal turlag sin stølstrim, med ein topptur i dag. Meldt regn på ettermiddag, og mogeleg snø på toppane, så eg planla og komme på god veg med retur, før det tunge regnværet skulle komme. Det heldt, og med ei god regnbyge siste kvarteret. Det er god skogsveg til å byrja med. Grunneigar har lagt om på stien slik at den ikkje går om Engi, noko som er eit godt tiltak. Då får dyra der meir ro og fred. Ein time og 5 min opp til den flotte "oransjefarga" steinhytta på Areberg. Og utsikta ned i Nesdalen herifrå er fantastisk. Sjekka ut Stølstur-posten på Ut-appen. Vidare var det sti til ca. 1100 moh., m.a. paserte eg stølsmurar ved ca. 1050. Så var det å finne ei god rute opp mot toppen. Fekk litt sol også innimellom. På returen kom det ein liten snøkave. Idyllisk. Presterte å misse solbrillene mine ved ca. 1200 - 1300 moh. Uråd å leite, sidan eg ikkje gikk på sti. Og lite freistande å snu oppatt. Fin tur nedatt også. Siste 15 min. ei skikkeleg god regnbyge. Kom på at ein tur frå Grimsøyn til Gravehovdane, og over heile Okken, ned til Visete, og så Sjåheim, og Råsdalen, må vere ein fin fjelltur. Lyt føreslå det til Lærdal turlag.

Steinbua på Areberg.
Steinbua på Areberg.
Areberg og ned i Nesdalen.
Areberg og ned i Nesdalen.
Oppover. Lite snø att.
Oppover. Lite snø att.
Nedover i dalen regnar det. Vi ser Borgundsbygda.
Nedover i dalen regnar det. Vi ser Borgundsbygda.
Toppen, som er ganske flat.
Toppen, som er ganske flat.
Fjellryggen Okken.
Fjellryggen Okken.
Ei snøbyge som vara i ca. 5 min.
Ei snøbyge som vara i ca. 5 min.
Ned mot Areberg.
Ned mot Areberg.

User comments

Comment title:
Characters left: 1000
Comment text:
You need to be logged in to write comments.