Kongsvollen og Blåtind (07.06.2024)  4

Written by bakken59 GSM

Characteristic Hillwalk
Duration 3h 51min
Distance 9.3km
Vertical meters 855m
GPS
Ascents Blåtind (697m) 07.06.2024
Kongsvollen (683m) 07.06.2024

Drog fra Ørsta og parkert i p-lommme i Ringstaddalen. Starta å gå ca kl 1030. Usikker vermelding, og ganske kaldt, men må seie det med ein gong: sjølv om eg måtte på med goretex og gjekk med ullpanneband, slapp eg unna det store regnet, berre nokre dropar innimellom, og då eg rasta på Kongsvollen var det sol. Det bles ein del, så serleg strekket mellom Kongsvollen og inn under Blåtind-toppen var litt surt.
Eg hadde snakka med kjentfolk og fått råd om å ta Kongsvollen først. Det trur eg var lurt, då blei det rake vegen nedatt fra Blåtind. Kongsvollen må ha fått namnet sitt fordi det er ein sånn fin graskledd runda topp "ein voll" for kongar. Blåtind er jo brattare, men oppstiginga var veldig grei der eg kom på stigen fra Kongsvollen. Eg er veldig glad for at eg fekk nye utsynet på desse toppane, for det er verkeleg heilt fantastisk. Det var også flott terreng å gå i etter at eg bikka brynet og stod ved Hundelaupsvatnet, men anmarsjen opp til dette vatnet var bratt og ulendt, og ganske strevsamt å gå ned også.
Eg gjekk aleine opg møtte ingen.
9,3 km, 855 hm, var ute i 3 timar og 51 minutt inkludert matpause på Kongsvollen.

User comments

Comment title:
Characters left: 1000
Comment text:
You need to be logged in to write comments.