Dronningkrona og Mohaugen (22.04.2024)
Written by aarvag (Steinar Aarvåg)
Ascents | Dronningkrona (1,816m) | 22.04.2024 |
---|---|---|
Mohaugen (1,372m) | 22.04.2024 |
Tur nummer 30 til Dronningkrona. Markeringa av jubileet vart eit maksdrag frå Dalsbøen til topps, der eg vart møtt av sedvanleg god utsikt og usedvanleg lite vind. Snøforholda var litt dårlegare enn gårsdagens sensasjonelle føre, men likevel lite å klage på. Tok turen ned mot Tjuvdalen, før det vart ein ny runde oppover i retning Sandvikhaugen for å få med ei nedkøying derifrå også.
Deretter ein runde til topps på Mohaugen samtidig som sola forsvann. Dermed skikkeleg snømørkt og delvis utfordrande ned til skoggrensa, før det etterkvart vart ski på sekk og spasering nedatt til bilen. Du store min, så fint det er på denne tida av året!
User comments