Vikafjellet (20.04.2024)

Written by Esone (Einar Moen) GSM

Characteristic Hillwalk
Duration 3h 57min
Distance 9.4km
Vertical meters 735m
GPS
Ascents Vikafjellet (647m) 20.04.2024 13:41

Fin og spennande tur i Eikefjord. Fyrst på traktorveg, så grei sti, men bleike merke. Over tregrensa lyng og noko sva. Like før fyrste toppen vart det brattare, under mektig fjellvegg. Her låg hard snø, og ei gleppe inntil fjellet. Såg glassert is i partiet over også. Etter vurdering trekte eg meg på normalruta. Frå juni står det i UT-appem. Fann ei grei rute rundt på sørsida av fjellet. Kom då opp ei renne mellom toppane. Gikk ut på høgaste punktet på fjellryggen. Fantastisk fint og kronglete landskap. Fasinerande for ein indresogning. Flott utsikt mot det meste, rundt om. Håstein-fjellet var godt snødekt enno. Returnerte, og tok då med meg Nipa også. Sjekka litt forholda ned normaluta, men trekte meg for andre gong i dag. Veldig hard snø-is, og glasert blank is nedanfor der. Trur det hadde gått om eg hadde hatt følgje. Men solotur i dag. Hadde snøkjetting, men ikkje isøks. Fin og grei tur nedatt på baksida der eg kom opp. Mista solbrillene på retur. Løfte dei opp og på hetta då det vart mørkere i skogen. Må ha forsvunne då eg tok ned hetta. Lyt opp å sjå etter dei i morgon. Godt nøgd med nådd mål, då det på eit tidspunkt såg ut som bomtur.

Toppkruna på Vikanipa.
Toppkruna på Vikanipa.
Her snudde eg, og fann meg ei rute på sørsida.
Her snudde eg, og fann meg ei rute på sørsida.
Frå toppen Vikafjellet, austover.
Frå toppen Vikafjellet, austover.
Blægja.
Blægja.
Håstein.
Håstein.
Mot Eikefjord.
Mot Eikefjord.
Frå toppen Vikafjellet og nordvestover.
Frå toppen Vikafjellet og nordvestover.
Frå toppen Vikafjellet og austover.
Frå toppen Vikafjellet og austover.

User comments

Comment title:
Characters left: 1000
Comment text:
You need to be logged in to write comments.