Flatenipa (07.01.2024)

Written by reikri (Reidun Kristiansen) GSM

Characteristic Snowshoe trip
Duration 4h 30min
Distance 12.6km
Vertical meters 777m
GPS
Ascents Flatenipa (860m) 07.01.2024
Visits of other PBEs Hovlandsstølen (500m) 07.01.2024
Nipevatnet (702m) 07.01.2024

Det var meldt litt vel kaldt i indre, og ikkje fullt så kaldt i Eikefjorden. Tok difor turen ut med kollega. Brukte broddar opp til Hovlandsstøylen og truger vidare derfrå. Snødekket var akkurat passe for truger, med hard sole og nokre få plassar med laussnø. Vi hadde ein liten stopp ved Nipevatnet, der vi kjente at sola varma. Gjekk vidare derfrå og opp på Flatenipa og tok ein liten matpause der med sol og vindstille. Vi fulgte ruta vidare ned mot Kvitefjellet, eller Litjenipa som det heilter for Eikefjordingane. Rett under toppen på Flatenipa revna reima til truga til kollegaen min og ho valte difor å ta returen samme vegen som vi gjekk opp. Vi skulle møtast litt lenger nede. Eg gjekk ned til Litjenipa og vidare derfrå ned dalen som ligg mellom Litjenipa og Flatenipa. Fint å gå ned tilbake til stien. Etter ein liten pause nådde kollegaen meg igjen. Tok av trugene rett ned forbi Hovlandsstøylen. Og i det vi dreiv og kava, kom ein skiløpar i full fart nedover bakken. Flott tur med vindstille og sol. Kan nesten ikkje bli betre.

SOL og vindstille.
SOL og vindstille.
Utsikt frå Flatenipa
Utsikt frå Flatenipa
Utsikt frå Kvitefjellet... Eller Litjenipa, som dei lokale kallar den.
Utsikt frå Kvitefjellet... Eller Litjenipa, som dei lokale kallar den.
solnedgangen på veg ned frå Kvitefjellet
solnedgangen på veg ned frå Kvitefjellet

User comments

Comment title:
Characters left: 1000
Comment text:
You need to be logged in to write comments.