11.2 km fjelltur til Blomtjønneggin 1231 moh (01.10.2023)  6

Written by josokbakke (Ole-Johann Jøsokbakke) GSM

Characteristic Hillwalk
Duration 4h 44min
Distance 10.7km
Vertical meters 525m
GPS
Ascents Blomtjønneggin (1,231m) 01.10.2023
Visits of other PBEs Grimås parkering (770m) 01.10.2023

Herleg hausttur til Seljord saman med Kristian, Siri, Ole Bjørn, Hilde og Lisbeth.

Vi reiste til Seljord på fredagen og overnatta på Seljord hotell.

På laurdag var vi på Nordnibba og Skorve:

14.4 km fjelltur til Nordnibba 1365 moh og Skorve 1370 moh


På søndag var vi på Blomtjønneggin :

Det er nydeleg å gå på fjellet på denne årstida!
Flotte fargar og ingen plagsomme insekter.
Og denne dagen var verkeleg fin med strålande sol og nesten vindstille.

Vi valgte å gå på stien om Øvre Tvitjønnan og Gråtjønn. Ikkje alle i turfølget var like nøgd med det sidan det var ein del myr og våte parti. Stien om Bekkestaul er betre, så den tok vi delvis på returen.

Det er eit fint fjellterreng innover med mange vatn.
Familien Hjorth-Johansen hadde med telt og fiskestenger og dei telta og overnatta ved Store Tjorbuvatn etter at vi hadde vore på toppen av Blomtjønneggin.

På toppen er det vid utsikt heile vegen rundt.
Det var litt kald vind, men vi fann litt le og åt nistematen her.

For fyrste gong på 20 år tok eg fram nødbivuakken frå sekken berre for å sjå om den framleis var like heil. Det var den og den gir fint ly mot vær og vind. Den har vore med på alle fjellturar, men ikkje blitt lufta før no.

Vi såg nokre sauer som sikkert har lurt seg unna gryta ei stund til.
Og på vegen ned kom vi tett på ei rype som delvis hadde fått på vinterdrakta.

Dette fjellområdet er flott med mange fine råser som innbyr på nye turar.
Vi kjem tilbake!

User comments

Comment title:
Characters left: 1000
Comment text:
You need to be logged in to write comments.