Hellorn (29.07.2023)
Written by mariusmeland (Marius Meland)
Start point | Remdalsbua (1,018m) |
---|---|
Endpoint | Remdalsbua (1,019m) |
Characteristic | Hillwalk |
Duration | 4h 58min |
Distance | 12.9km |
Vertical meters | 246m |
GPS |
![]() ![]() |
Ascents | Hellorn (1,142m) | 29.07.2023 13:38 |
---|
Turen til Hellorn starta langs det som ser ut til å vere traktorveg/god sti på kartet. Stien var forsåvidt god på store delar av turen, bortsett frå at eg måtte ta av meg på beina for å krysse bekkar minst 5 stader. Tørrare terreng der eg gjekk av frå stien, stort sett greitt terreng å gå i, til tider litt urete.
På tilbaketuren tenkte eg at eg skulle prøve å gå "hypotenusen", dvs. i relativt rett linje mot startpunktet. Det begynte bra, lettgått og tørt, midtvegs måtte eg gå i litt ur for å unngå myr. På slutten av turen var det vanskeleg å unngå myr, og det vart ei fin blanding av kratt, buskas og myr mot slutten. Måtte gje opp alle forsøk på å halde meg tørr på beina.
Eg vil nok anbefale å gå den ruta eg gjekk på framoverturen, ikkje tilbaketuren. Ein kan eventuelt vente til omlag 1100 m.o.h. før ein tek av frå stien, då såg det ut til at ein unngjekk både litt myr og ur.
Det er parkeringsplass langs Friisvegen, men denne var full, så då fekk eg parkert ved Remdalsbua.
User comments