Skorvetoppen (25.07.2023)

Written by Esone (Einar Moen) GSM

Characteristic Hillwalk
Distance 8.6km
Vertical meters 890m
GPS
Ascents Skorvetoppen (1,370m) 25.07.2023 14:43
Visits of other PBEs Skorve stistart (490m) 25.07.2023 13:20
Skorve sti opp venstre (676m) 25.07.2023 13:36
Skorve skiltet stidele (995m) 25.07.2023 14:06
Skorve stidele (995m) 25.07.2023 14:06
Skorve perfekt drikkebekk (1,079m) 25.07.2023 15:09

Topptur mellom byger i Seljord. Dagen vart planlagt med lesing og avslapping i bubilen, men plutseleg såg det ut til å lette. Køyrde opp Kivledalsvegen, ein smal veg. Fyrst gjennom byggefeltet, og så innover ein skarp elve-dal. Breidare veg då vi kom lenger opp, med grus etter kvart. Over ei trebru, og til andre sia, der turen tek til. Langs nokre bratte gardar her, og til sist bratt opp på grusvegen til ein liten parkeringsplass, som var skilta. Så tok fotturen til på traktorveg 50 m, så 170 grader, og på ATV-veg. Følgde den, men tok short-cut, der det var skilta "Skorve". Kom opp til ei fin sæter, Karlstaul, med ei godt vedlikehaldt hytte. Vidare i barskog eit godt stykkje, før det flata ut med høgfjell. Straks til sti-dele nemnd "Flyvrak og Gøysen". Flyvraket besøkte eg ikkje i dag, grunna usikkert vèr. Gøysen er berre eit anna namn på Skorvetoppen. Bratt opp frå stidele, og opp i småkuppert terreng. Stien fint lagt inn smådalar, skar og rygg. Toppa etter 1:23. Ei lett regnbyge følgde meg siste kvarteret mot toppen. Skodda seig litt innpå då eg inntok nista på toppen, men eg rakk nokre bilder mot aust, der vèret var betre. Mælefjell, og fjellgardar i sida der. Såg så vidt borti Gaustadtoppen vestover, fyrst når eg nådde toppen. Raskt her, og så småsprang eg nedatt. Siste 10 min høle-regna det. Glei litt på ein "usynleg" rund stein. Lett fall, og slo begge leggane. Greitt å komme inn i ein varm bubil og skifte etter byga til sist. Fin-fin tur.

Toppvarden
Toppvarden
Mot Mælefjell
Mot Mælefjell

User comments

Comment title:
Characters left: 1000
Comment text:
You need to be logged in to write comments.