Brattefjell (23.07.2023)

Written by ersystopo (Erlend Råheim) GSM

Duration 3h 49min
Distance 20.3km
Vertical meters 1,563m
GPS
Ascents Brattefjell (1,540m) 23.07.2023

Ferie, heimebasert, og ein lang køyretur til eit superprimært fjell kunne forsvarast. Vêrmeldinga var ok-.
Ei eiga stemning innover dei sparsomt befolka lågfjellsdalane i kjernen av Telemark. Frå Åmotsdal til Sudbø var det nytt land for meg. Eg valde å parkere - og betale - der det sto oppslag etter det siste vegkrysset, sjølv om ein annan som klødde seg lenge i hovudet hadde suksess med å køyre mykje lengre inn.
Planen var å springe litt i det lette terrenget der det var veg, slik at eg fekk ei kjensle av kva ankelen tolte. Etter nokre hytter og ei bru byrja det å stige markert opp til Sandsetdammen. Utsynet ga typisk Telemarkstemning, med den ekstra kvaliteten som skiftande vêr gir.

Frå dammen var det lett å finne stien og enno lettare å finne siktemål i form av Brattefjell.

Til å byrje med var det lagt til rette med klopper, men etter kvart vart dei færre og ofte med plumpehol i enden. Opp mot den låge ryggen som ein må krysse tok eg litt feil og følgde ei myr for langt mot nord. Men det var lett å orientere, og eg tok meg attende til stien, som ikkje var merka på aktuelt kart so langt mot aust, men som framleis var tydeleg.
Ned frå ryggen, over ein isavsmeltingsform, esker eller berre botnmorenerygg, so til ei lita hytte ved vatnet.

Ein sti gjekk vidare inn mot fjellet til ei anna lita jakthytte,

og so langs terrenget nordover. Her tok eg rett opp frå eit punkt der det såg rimeleg gangbart ut. Etter kvart kjem ein opp i ein slak dal med diffuse stiar,

før det går brattare opp den siste tredjedelen mot toppen. Ved ein stein sto det eit par, so då var ikkje fjellet heilt folketomt denne dagen.
Som forventa var det storslått utsyn. Langt i det fjerne skein Hardangerjøkulen, men skiftande vêr gjorde sitt til at det ikkje var noko vits i å mobilisere telefontele og take bilete på slik distanse.

Frå dalen under toppartiet ned mot det siste henget tok eg no ei meir nordleg rute og fekk litt meir sti, utan å greie å forbinde stien i flanken og stien langs dalbotnen. No dundra bygene inn frå sør, og resten av turen gjekk føre seg i regnjakka. Belastningseksperimentet gjekk vel ganske bra. So var det tid for telemarklandskapsuksesjon i revers, skoturk, tindeekspress, banankake, Spotify og Hans Zimmer.

User comments

Comment title:
Characters left: 1000
Comment text:
You need to be logged in to write comments.