Vingekvarvane (01.07.2023)

Written by Ingebjørgpåtur GSM

Duration 4h 22min
Distance 8.8km
Vertical meters 719m
GPS
Ascents Søre Vingekvarven (934m) 01.07.2023 15:21
Nordre Vingekvarven (940m) 01.07.2023 15:52

Fantastisk utsikt!
Innteikna rås i Bremanger-kartet stemte etter kvart ikkje med tydeleg rås og små-vardar (frå ca. vatnet på 515 moh). I bratta opp mot Søre Vingekvarven forlet eg råsa eg hadde fylgt fordi den gjekk langt mot sørvest. Innteikna rute på Bremanger-kartet opp denne bratta (lengre aust) såg lite logisk ut, ut ifrå slik eg såg terrenget oppover. Dermed gjekk eg berre slik eg tenkte det var greitt.
Sidan eg ikkje gjekk i rås bratta opp til Søre Vingekarven, valde eg å ikkje gå via Søre etter å ha vore på Nordre. Følgde skaret nedover mot aust. Var nok ikkje enklaste plassen å gå; veldig småkuppert, fleire småelvar og nokre litt smale berg å gå på. Men ved å ta det roleg, så gjekk det fint. Sikkert betre tidlegare på året når det ligg mykje snø nedover der. No var det litt snø å gå på lengst oppe, men nokre snøklattar vidare nedover såg ikkje trygge ut å gå på pga elv under.

User comments

Comment title:
Characters left: 1000
Comment text:
You need to be logged in to write comments.