Enda ein nydeleg dag. Fann ut at eg skulle prøve meg på begge toppane på Håsteinen denne dagen. Siste gong eg var på Håsteinen/Høydalsnipa var sein haust. Då hadde vi sola heile turen. Denne turen synest eg var så fin at eg valte samme rute denne gongen.
Det er god sti frå Vassbotnen og opp til Årsetstølen. Derfrå er det berre å gå litt nordvest opp lia og deretter litt austover fram til Stølsvatnet.
Der møter stien frå Standalen.
User comments