Sandskarhyrna (18.05.2023)
Written by kobbenes (Kristian Starheim)
Ascents | Sandskarhyrna (1,690m) | 18.05.2023 15:36 |
---|---|---|
Visits of other PBEs | Skjerdingsdalssætra p-plass (608m) | 18.05.2023 15:36 |
Når turutsiktene er uklare kan langhelgene i mai vere ein forbannelse. Med særs usikre meldingar holdt 17. himmelfartshelga i sin heilskap på å gå med til intense studier av diverse værmeldingsplatformar.
Eg og Kroksleiven hadde store planar, men det vart raskt klart at desse måtte vente. Men kva skulle kome i staden?
Tøni snakka om nokon kronglete oppgangar til kvardagstoppar i Gloppen. Mange raude nåler, men nja tja... skulle det ikkje vere nedbør der då?
Etter mykje leiting på kartet til Kroksleiven fann eg ei einsleg grå nål langt inne i oppstryn. Sandskarhyrna. Kroksleiven sat og såg på same nåla. To sjeler same tanke. Då vart det Sandskarhyrna.
Behagelig avgang heimanfrå 8:30, og avgang frå parkeringa i Skjærdalen 10:30. Masse folk her som snakka framande tungemål (bokmål) - dei skulle heldigvis på Midstolhyrna.
Det var difor behagelig stille innover Skjærdalen. Med stabile forhold gjekk vi rett opp mot breen. Flott skibakke - berre å glede seg til nedkøyringa.
Då vi kom på breen såg vi at det hadde byrja å legge seg skodde på toppane rundt. Det var eigentlig berre vi som ikkje hadde skodde - trur vi var på den einaste toppen over 1600 utan skodde på heile nordvestlandet. Ganske bra.
Hadde vore kjekt å hatt litt bedre utsikt då. Men skodda nerma seg, så det var berre å kome seg av garde. Eg konsentrerte meg om å rense skia for fellelim (hadde med skirens) medan kroksleiven kom med kritiske kommentarar til Stad MDG sin omgang med kjemiske rensemidler i urøyrd natur. Men dette var jo i Stryn, så då gjer det kanskje ikkje så mykje?
På veg ned vart vi raskt kjent med dagens føre: tidenes sugeføre. Kroksleiven drog fram gloser om pavekyrkja når han skulle beskrive dette, utan at eg heilt forstod katekismen det vart henvist til. Vi måtte så og seie stake oss ned 35gradershenga.
Vel vel, slik var det. Då var det berre å trakke seg ut Skjerdingedalen igjen, og setje snuten mot stårheim, berre avbrote av ein stopp på Folven for ein porsjon Wok (!).
Takk for turen!
Start date | 18.05.2023 10:21 (UTC+01:00 DST) |
End date | 18.05.2023 15:09 (UTC+01:00 DST) |
Total Time | 4h 48min |
Moving Time | 3h 33min |
Stopped Time | 1h 15min |
Overall Average | 3.0km/h |
Moving Average | 4.1km/h |
Distance | 14.6km |
Vertical meters | 1,213m |
User comments