Bratteliknuten frå Songesand kai (22.10.2022)
Written by Kaare_70
Ascents | Brattliknuten (795m) | 22.10.2022 |
---|---|---|
Visits of other PBEs | Bakken Gard (175m) | 22.10.2022 |
Stort skikkelegare enn dette kan ein ikkje gå til Bratteliknuten, med 800 hm netto og start frå fjorden på Songesand kai. Dette flotte massivet og høgaste toppen i Jørpelandsheia har eg kjent dragning mot sidan eg var der første gang i 1993, og endeleg baud sjansen seg denne fine haustdagen så mange år etter. Den gangen gjekk eg aleine frå Preikestolhytta, ein tur som med sine opp- og nedstigningar om Neverdalen og Hengjane truleg byr på minst like mange lengde- og høgdemeter.
Me starta frå Songesand kl. 0945 i fint og stilt haustver og fekk ein roleg etappe ut langs fjorden. Overraskande nok var Bakken folketom då me passerte der etter om lag 50 min, men på Myra traff me ein kar og hunden hans. Her inne var me óg på turen vår til Bratteli frå Preikestolhytta i 1998, og det såg ikkje ut til å ha hendt mykje på desse åra. Vidare gjekk det på grei sti i jevn stigning til Bratteli der me tok ein velfortent mat- og kaffipause ved midtre Bratteli. Då hadde me brukt 1 time hit opp frå Bakken.
Med dette var eg tilbake i Bratteli bare 4 veker etter langturen min frå Liarvatnet, og det var inga ulempe å ha turen vidare mot Hengjane friskt i minnet. Det var bare det at beina var sprekare og sekken lettare i dag enn den gangen, så stigninga til høgaste punktet på T-stien gjekk tolleg raskt unna. På høgaste punktet kl. 13, etter 3 ¼ timar frå Songesand, tok me ganske beint nordover mot mastene på Butona og etter kvart topplatået. Etter 4 timar på tur fekk me Jørpelandstoppar med Godlifjellet nærast i augesyn, men vidt som platået er, var det framleis ein dryg km att til varden som me kunne skimta på eit høgdedrag der framme.


På platået var det kjennesleg småkupert og steinete terreng ispedd ein del tjødnar, og det beste var at det framleis var fint og stilt ver. Me skremde opp fem liryper her, og dessutan var det ein del trost på trekk. Vel oppe på høgaste toppen etter 4 timar 20 min kunne me gratulera kvarandre med dagen og ta ein ny god rast. Men først var me nede på stupkanten, der i alle fall eg hadde gleda meg til gjensyn med den dramatiske utsikten mot vatna nedanfor. Det var óg kjekt å konstatera at me såg heilt tilbake til Bakken, men framfor alt var det flotte Longavatnet som stal mi merksemd som så ofte før i Jørpelandsheia.


Tilbake på sjølve toppen vart det mat- og kaffipause med utsikt til mange kjende fjell nordover i fylket, der dei høgaste som venta var kvitpyta. Kyrkjenuten, Skaulen og Snønuten høyrde sjølvsagt til desse, men ikkje Hustveitsåta og Fjellsenden som er monaleg lågare.
Etter pausen ved den staselege varden, framleis utan behov for vindtette klede, pakka me saman for å ta ein sving vestover og få med oss utsikten mot Godlitjødna og Klomravatnet. Men me hadde nytt utsikten frå sjølve toppen lenge og klokka var blitt 15, og dessutan såg det ut til å dra seg til med regnbyger på fleire kantar. Me fekk derfor opp farten og kom oss like godt ned frå platået for å unngå eventuell skodde her oppe. Det viste seg å vera unødvendig, for me gjekk stort sett klar av regn resten av turen.
Returen gjekk radig, men med såpass bratt og krevande terreng brukte me mest like lang tid som opp. Tilbake i Bratteli tok me ein liten sving ned mot huset i nedre Bratteli for å finna att teltplassen vår frå 1998. Det var lita tvil om at me hadde lege på den oppmura flaten ovanom huset – ein av dei få flatene i heile Bratteli!
Det som liva mest opp på heimvegen, var nokre meiseflokkar og dessutan eit par ivrige og kvinkande gråspetter nede ved fjorden. Ellers møtte me eit par karar som skulle kvar sin veg mellom Preikestolhytta og Bakken. Dette vart ein svært minnerik tur og kjekt gjensyn med kremknuten, heile 29 år sidan sist. Så høyrer det med til soga at i alle fall eg var ganske «trang i skjæret» då eg gjekk ut av bilen på Jørpeland; ikkje så rart når fasit vart vaksne 16 km, 1000 hm og 8 ½ timar på tur.
User comments