Sør for det Sør-Aurdalske låglandet (21.08.2022)

Written by ersystopo (Erlend Råheim) GSM

Map
Ascents Høgdefjellet (1,055m) 21.08.2022
Klypefjell (1,038m) 21.08.2022
Skjenfjellet (1,040m) 21.08.2022
Lågfjellet frå Bagnfjellet og sørover har noko draumande over seg. Små og hissige knutar og store myrområde. Sør for dette ligg eit lite, hyttifisert område som leikar med tregrensa.
Parkering på innkjørsel, før bom. Så opp på Skjenfjellet, rett frå nord og gjort på eit kvarter. Gjennom nokre hytteområde, og ein topp til med omlag same tidsforbruk.
Ned frå Klypefjellet rota eg meg inn på ein blindsti og fekk nokre høgdemeter med manøvre i bjørk. So kom stien, og det varte til Høgdefjellet med litt veg mellom etappane.
Regnbyger, og ikkje storarta utsyn. Men langt der borte, eit mørkt og breidt Synnfjell.
Skyrunning
Skyrunning
Stemningsskaparar
Stemningsskaparar

Perfekt springeterreng ned att mot nord, før stien kom under tregrensa og vart meir krevjande. Veg gjennom hytteland - ringen slutta.

Kommentarer

Tittel:
Tilgjengelige tegn: 1000
Kommentartekst:
Du må være innlogget for å skrive kommentarer.