Tyin sørvest (19.08.2022)

Written by ersystopo (Erlend Råheim) GSM

Map
Ascents Galden (1,419m) 19.08.2022
Vesle Galden (1,273m) 19.08.2022
Tyinstølnøse (1,385m) 19.08.2022
Passerande på veg vestover-tur, med tidsvindauge begrensa av stengd limtrebru i Vang og omkøyring i trillebårfart.
Frå grusa plass ved Tyin og rett opp på sti, tidvis vandalisert av ATV, til Galdstjernet. Vidare på sti opp i tåka til toppen av Galden. Kort og lett, so sjølv med dårleg sikt tenkte eg at det var plass til fleire stolte tindar i tidsbudsjettet.

Nordover, omgåande et høgdeparti på vestsida, so ned til tjørnet i passet, litt fotturrute og so sti til topps på Tyinstølnøse. Her var det utsynstavle som syna alt som ikkje kunne sjåast under dei rådande tilhøva.

No sto valet mellom siste topp før Tyin dreg vestover, eller den Vesle Galden, som eg hadde sett bort fra då eg gjekk opp fyrste stigninga. Det vart den siste, noko som gjorde at asfaltdelen vart kortare. Likevel vart eg tilbode skyss av ein Valdris som 'synast det såg seigt ut''.... So, opp att på stien for andre gong, omgåande til toppen - og rett ned. Ein inngrepstung, vansira småtopp, men med overraskande høg PF og sikkert med bra utsyn mot Vangsdalføret når vêret er betre.

Tindeekspress, tyske bobilar, Aurland, Vikingplanke og Ægir-øl i Flåm.

User comments

Comment title:
Characters left: 1000
Comment text:
You need to be logged in to write comments.