Starta ved Legestøylen opp mot og langs Stegsvatnet. Inn mot stien som går mot Myklandsstølen. Tok av til venstre opp lia og undra meg på korleis eg skulle komme meg opp på toppen sør for Blåegga. Eg fann ei hylle eg kom meg opp på. Resten av turen opp gjekk greitt. Traff på ein kar rett før toppen. Eg trur vi vart like overraska begge to av å treffe på folk på denne toppen. Han kom frå Botnafjellet og var på veg ned mot Myklandsstølen.
Retur samme veg ned som opp. Brukte sporinga til å finne ruta ned.
User comments