På fjellski til Fongen (23.04.2022)  6

Written by bakken59 GSM

Characteristic Backcountry skiing
Duration 7h 45min
Distance 31.0km
Vertical meters 1,204m
GPS
Ascents Fongen (1,441m) 23.04.2022
Fongen sør (1,434m) 23.04.2022
Tronshatten (1,149m) 23.04.2022

Første kommunetopp på seks månader. Dei er kostbare no! Denne turen bestemte eg meg for på torsdag, fekk sjølvsagt ingen med meg på så kort varsel. Drog frå Oslo etter jobb fredag, var framme på Røros kl 2230. Vermeldinga var avgjerande for meg, kuldegrader om natta, varmegrader på dagen og skyfritt! Den vermeldinga slog til. Eg drog frå Røros kl 0720, var i Tydal 0850 og måtte vente til coopen opna kl 0900. Fekk drikke, mat og sjokolade med meg, og starta å gå noko før 0930. Prata litt med nokre karar på skuter som tipsa meg om elvekryssingane. Bomma likevel på den første, det var jo ikkje bru der vegen stod teikna tvers over, og eg endte med å gå ut på vatnet og runda elveosen i god avstand. Gjekk med fellar på ganske super hard skare. Ikkje mykje å melde anna enn at det fine opne myrterrenget var lettgått! Eg gjekk rett opp den første bratta til topp 860 moh. Der gjekk eg på fleire kvite rjuper. Eg vurdert vegen vidare, og var litt engsteleg for dei bratte sidene i kvelven under Fongskaftet. Det gjekk eit lite ras medan eg stod der. I retrospekt hadde det gått greitt opp rett vest for Fongtrøa. Men eg valde heller å gå rett vestover, opp til topp 1094 og så Tronshatten (1149). Litt kjelkete å gå ned frå Tronshatten igjen, men fann no ein veg rett nordover. Så starta eg bakkane opp til topp 1166, hadde tenkt å passere Fongskaftet under stupet på vestsida. Men ganske vrient å kome seg ned frå topp 1166 også. Fann til slutt ein hard skareskrent på austsida som fungerte. Så opp igjen mot Fongskaftet, eg passerte greitt under stupet. Men måtte dessverre miste ganske mykje høgde for å runde denne spektakulære toppen. Tok av meg skia i renna der. Då var det oppover igjen. Eg hadde no gått i over fire timar og var svolten, så eg rasta vis a vis Fongskaftet på ca 1300 meter. Fann ei fin tørr lynghylle. Då eg fortsatte, gjekk eg på to heilt ferske skispor og spor etter ein fotgjengar. Dei spora følgde eg heilt opp. Det var ganske surt i høgda, og eg gjekk med vindlue og vindvottar og anorakk - som eg for øvrig hadde på heile turen. SÅ varmt blei det aldri. Var først oppom topp 1434, dinest sjølve toppunktet. Overraskande mykje snø, og to nedsnødde vardar. Eg bestemte meg for å følgje dei ferske skispora nedatt. Dei drog rett ned bratthenget mellom Fongen og Fongskaftet. Eg trur ikkje eg hadde tatt sjansen på å gå opp der! Men folk hadde kome seg velberga ned før meg, og det var deilig å sleppe all opp- og nedgåinga som eg hadde gått opp. Gjekk opp til riset mellom Fongtrøa og Fongskaftet, og nedkøyringa der var berre deilig. Runda topp 860 på austsida, og fann mitt eige spor tilbake derifrå. 31 km, 1204 hm, var borte i 7 timar og 45 minutt, men aktiv gåtid var 5 timar og 56. Gjekk aleine, og møtte ikkje folk, men såg to på ski bak meg då eg var på veg opp til topp 1166. Trur dei må ha snudd. Var ganske mør då eg kom tilbake til bilen, men supernøgd med meg sjølv og turen!

User comments

  • -
    avatar

    Gratulerer med flott K-topp...

    Written by knutsverre 28.04.2022 12:36

    Kristin! Skitur på 31 km i slikt terreng krever sin kvinne til fulle! Imponerende! Avstanden blir mindre langs sommer-ruten, men høydemetrene blir omtrent de samme (1200 m). Kjekt å se at du står på ;-)!

    • -
      avatar

      Sv: Gratulerer med flott K-top

      Written by bakken59 28.04.2022 19:47

      Takk! Det var verkeleg flotte forhold! Eg hadde lese turbeskrivingane frå dei to som hadde gått vinterstid frå før, og ser at utfordringa for oss alle tre er dei ordentleg bratte partia, anten ein går topptekst i vest eller rett på. Veldig nøgd med at eg fann trase som kjendest trygg!

Comment title:
Characters left: 1000
Comment text:
You need to be logged in to write comments.