Instengsegga (19.03.2022)
Written by agnar (Agnar Åsnes)
Ascents | Instengjebottnsegga (1,298m) | 19.03.2022 12:31 |
---|---|---|
Langebottnsegga (1,299m) | 19.03.2022 12:31 |
Starta på Erikstad i Årdalen. Hard skare i starten, men ikkje lenge før det gjekk litt igjennom. Fin driv opp i skardet, men derifrå vekselvis glatt og mjukt, tungt opp første stigninga. Fint å gå innover ryggen, men etter kvart mykje vind. I tillegg vart det blindeføre, så holdt til venstre, for ikkje å komme for nær kanten mot Helgheimsdalen. Sette igjenn skia under høgde 1295, og fortsette på beina. Kraftig vind, og lite sikt oppe på toppegga. Tilbake til skia, festa eg dei på sekken, og gjekk på beina tilbake til skardet, med brodder. Råten snø heile lia ned til Erikstad, så ikkje mykje fart.
User comments