Gravdalsholten (12.03.2022)
Written by reikri (Reidun Kristiansen)
Ascents | Gravdalsholten (398m) | 12.03.2022 |
---|
Av og til kan ein angre på turvalet. Denne dagen var det ikkje mykje stas å gå på tur. Eg hadde møte i Sogndal og fann ut at eg berre måtte ein liten tur ut. Forslaget fall på Gravdalsholten og vi skulle velge den "enkle" ruta opp. Vel.... vi starta bra med godt tråkka rute i starten. Men då vi kom i litt brattare terreng var det nedsøkk i snøen store delar av turen. Det som eigentleg skulle være ein enkel ettermiddagstur, var alt anna enn enkel.
User comments