Vassfjellet (21.03.2021)

Written by Augustusogmegpaatur

Start point Gramstad (159m)
Endpoint Gramstad (159m)
Characteristic Hillwalk
Duration 2h 00min
Distance 4.6km
Vertical meters 210m
Map
Ascents Vassfjellet (305m) 21.03.2021

Fra Gramstad i Sandnes har du eit flott utgangspunkt til ei rekkje turar. Dalsnuten er nok den mest besøkte toppen, mens Vassfjellet truleg ligg på andre enden av skalaen. Dette er ein liten topp som òg kan nåast frå Hana, men me valde altså Gramstad som utgangspunkt. Me går i motsett retning enn til Dalsnuten, langs vegen tilbake litt før me tar inn på grusvegen i retning Kubbetjørn. Like før du kjem til sjølve tjernet tar du av til høgre ut i terrenget. Stien er merka vidare som ein rundtur over Vassfjellet og ned igjen slik at du kjem ned igjen på andre sida av tjernet.
Frå Vassfjellet ser du bort til Øvre Eikenuten og Dalsnuten, Gandsfjorden og Lura på andre sida, Sandnes sentrum, Hana og Vatne på andre sida.
Ein underkommunisert, fin, liten tur - vel verdt eit besøk!

User comments

Comment title:
Characters left: 1000
Comment text:
You need to be logged in to write comments.