Voren og Dyranuten (18.04.2021)

Written by Augustusogmegpaatur

Start point Skjelbreitjørna (100m)
Endpoint Skjelbreitjørna (100m)
Characteristic Hike
Distance 7.0km
Vertical meters 250m
Map
Ascents Dyranuten (352m) 18.04.2021
Voren (325m) 18.04.2021

Turen til Voren og Dyranuten i Sandnes er ein artig tur! Her går det roleg oppover i behageleg underlag heile vegen. Ingen bratte parti, ingen steinete sti, berre slake bakkar i lyngen heile vegen. Så er du på jakt etter ein tur der du på ingen måte treng vere redd for høgdar eller bratte klyv, men samtidig komme deg litt opp i høgda, så er dette ein tur for deg!
Turen går fram og tilbake same veg med parkeringsplassen ved Skjelbreitsjørna på Sviland som startpunkt (same parkerings om til Sygno og Sulken). Kryss vegen, gå litt tilbake langs vegen og følg merkinga oppover grasheia. Du kjem fyrst til Voren der utsikta utover heiane er flott. Herfrå går du vidare slakt nedover før du går opp til Dyranuten der du ser endå vidare utover eit nydeleg landskap. Turen går same veg tilbake, men no treng du ikkje om du ikkje vil, gå oppom Voren eing gong til ;)

User comments

Comment title:
Characters left: 1000
Comment text:
You need to be logged in to write comments.