Faureknuten i Bjerkreim (30.05.2021)

Written by Augustusogmegpaatur

Start point Trongsla
Endpoint Trongsla
Characteristic Hillwalk
Distance 4.2km
Vertical meters 325m
Map
Ascents Faureknuten (582m) 30.05.2021

Faureknuten var den fyrste turen eg gjekk i Bjerkreim, og den ga så definitivt meirsmak. Frå E39 tar du av ved Bue, inn på Nedrebøvegen. Følg denne til du har passert Fuglestad, og ta av til høgre. Eit lite stykke derfrå går det ein grusveg inn på venstre sida av vegen, her kan du parkere.
Turen går fyrst på grusveg eit stykke, og går du på den tida sauane er ute, får du selskap av desse. Etter kvart er det skilta ut i terrenget, og då ber det oppover. Turen er ikkje lang derfrå, berre drøye kilometeren, og vel oppe er det berre å nyte naturen og utsikta! Pass for all del på at du går litt nedover i retning vatnet og får med deg Fauretunga som stikk ut. Bjerkreim sitt svar på Trolltunga. Og når du er der nede, snur du deg og ser Fauregubben òg.

Kommentarer

Tittel:
Tilgjengelige tegn: 1000
Kommentartekst:
Du må være innlogget for å skrive kommentarer.