Nonsknuten og Bukkaknuten (05.09.2021)

Written by Augustusogmegpaatur

Start point Tengesdalsvatnet
Characteristic Hillwalk
Duration 3h 00min
Distance 6.3km
Map
Ascents Bukkaknuten (471m) 05.09.2021
Bukkaknuten vest (459m) 05.09.2021

3. gong gjeld det! Onsdag i påskeveka gjorde me fyrste forsøk på turen til Bukkaknuten og Nonsknuten - den gong med start frå Veraland. Vermeldinga viste rett nok skya, men langt fra den skodda som varte heile turen! Så det var ikkje så mykje me såg verken av utsikta utover fjorden eller ned i dalen. Så eg gjorde eit nytt forsøk ein formiddag eg hadde fri. Strålande sol heime i Stavanger då eg køyrde innover, men trur du ikkje skodda låg grauttjukk? Eg starta då frå Tengesdalsvatnet og gjekk berre til Nonsknuten før eg snudde - eg gadd rett og slett ikkje ta heile runden når eg ikkje såg ein skit likevel.
Så, søndag 4. september var tredje forsøk. Denne gong var dei berømte vêrgudane med oss, og me fekk både sol og utsikt. Ein flott rundtur brått opp frå Tengesdalsvatnet, innover Svedalen, opp til fyrst Nonsknuten og så Bukkaknuten. Deretter ned i dalen til Krosstjørna og Svedalen nedover til Tengesdalsvatnet igjen.

User comments

Comment title:
Characters left: 1000
Comment text:
You need to be logged in to write comments.