Fin dag i Fåvang austfjell (05.09.2021)

Written by mariusmeland (Marius Meland) GSM

Start point Saubu (1,011m)
Endpoint Saubu (1,011m)
Characteristic Hillwalk
Duration 4h 02min
Distance 13.4km
Vertical meters 485m
GPS
Ascents Store Kvia (1,350m) 05.09.2021
Suleberghøgda Nord (1,158m) 05.09.2021

Super dag i Fåvang austfjell, med fint vêr og forholdsvis varmt i lufta.

Turen starta på Saubu og gjekk langs god sti i praksis heilt opp til Store Kvia, med unntak av avstikkaren Suleberghøgda, der var ikkje det same gode sti.

Gjekk ned ein annan veg for variasjonen sin del, og skulle gå andre stiar, men desse var ikkje alltid like lett å finne, så det vart ei blanding av mindre stiar og ikkje-stiar på turen ned. Oppoversporet er derfor å anbefale dersom ein likar best å gå på tydelege stiar.

Kom midt i ku- og sauesanking, så litt redusert framkommelighet då eg skulle køyre dit :)

User comments

Comment title:
Characters left: 1000
Comment text:
You need to be logged in to write comments.