Runde om Snota (28.08.2021)
Written by simenee (Simen Einmo Engdal)
Ascents | Grøafjellet (1,139m) | 28.08.2021 08:40 |
---|---|---|
Svarthammaren (1,128m) | 28.08.2021 08:40 | |
Snota N (1,284m) | 28.08.2021 10:05 | |
Snota (1,669m) | 28.08.2021 10:55 | |
Snota Ø (1,227m) | 28.08.2021 12:07 | |
Snota SØ (1,214m) | 28.08.2021 12:22 | |
Vassdalsfjellet (1,204m) | 28.08.2021 15:00 | |
Vassdalsfjellet N (1,182m) | 28.08.2021 15:11 |
Rundtur om fjellmassivet som omkrinsar Vassdalen. Områdets ubestridte dronning hadde vore besøkt fleire gongar tidlegare, men det var eit og anna i området omkring som endå ikkje var kryssa av. For mest effektiv ruting over desse toppane blei det start frå Vindøldalen, og sykkel inn mot Vassdalen. Opp til utløpet av Vassdalsvatnet og fotografering av eit etter kvart klassisk motiv.
Frå enden av Vassdalen gjekk det opp mot aust, i starten langs god og tydeleg sti som etter kvart forsvann meir og meir. Oppe på ryggen som fører mot Litl-Snota blei det sikta i relativt strak linje inn til Snota Nord. Nokre snøfonner og manøvrere rundt, men ellers greit. Bratt opp att til ryggen og nedom Litl-Snota til eg kom inn på normalruta til Snota. Sjølv om turen i seg sjølv var lang nok i utgangspunktet måtte ein innom Trollheimens dronning når ein først var så nærme. Vindstille og som vanleg fantastisk utsyn frå toppen. Ned att til breen langs normalruta som kjem opp frå Folldalen. Vurderte nokre alternativ for å kome ned til Snota Øst og Sør-Øst, og endte med å gå ganske direkte på, ikkje langt i frå breen. Kanskje ikkje det mest effektive valget, da det tidvis var bratt og uoversiktleg. Nede mellom desse to småtoppane, ved Snotvatnet, fekk eg derimot dagens mest spektakulære utsikt tilbake til Snota.
Framleis litt tur att; manøvrering i landskapet for å kome over til Svarthammaren og etter kvart Grøafjellet. Både ørn og molte var å sjå på turen opp hit, og igjen ein ny og imponerande vinkel mot nordmøres fjellmonark.
Frå Grøafjellet fulgte ein noko lang og kronglete veg opp til ryggen på Vassdalsfjellet. Vel oppe på ryggen var derimot terrenget fint over fjellets to topper. Etter kvart godt med beskrivelser og gps-spor som hjelper til med å finne den eneste riktige vegen ned att til Vassdalen, og slik blei returen uproblematisk. Godt mør i beina nede att ved vatnet, og etterlengta og kunne trille roleg tilbake ned Vindøldalen i vakker ettermiddagssol.

User comments