Familietur til Lusaskar, Leikanger (07.08.2021)
Written by Hommpbollen (Tor)
Ascents | Lusaskard (1,004m) | 07.08.2021 14:23 |
---|
Det starta bra, med ein pissetrengt hund som blauta ut buksa til kona i forsøket på å kome seg fortast mogleg ut av buret. Då hadde altså vi køyrd heilt opp Njøsadalen til stølen Skagasete.
Bortsett frå dette gjekk det i godt driv i overkant av 3 km fram til Lusaskar.
Det var litt veklsande ver med sur austavind til tider, som resulterte i av- og påkledningar til det kjedsommelege. Men på toppen var det lett å finne le.
Returen inkluderte litt leie føter, litt surmuling, litt grining og eit lengre do-besøk. Takk Gud for sjokolade. Likevel ein fin familietur, der til og med minstemann fekk utfodra beina i kupert terreng.
User comments