Eldegardsnosi (19.07.2021)
Written by reikri (Reidun Kristiansen)
Ascents | Eldegardsnosi (1,447m) | 19.07.2021 |
---|
Var litt usikker på kva topp eg skulle velje i Årdal denne dagen. Planen var å få ein kort og fin tur. Eldegardsnosi såg ut til å være ein fin topp etter formålet. Men å køyre vegen opp var meir slitsomt enn sjølve turen frå parkering og opp til toppen. Eg er glad det ikkje er mykje bilar på den vegen der. Etter å ha svinga av hovudvegen så er sikringa heller dårleg. Og vidare inn forbi parkeringa til "tusenmetern", så vart vegen rett og slett ikkje køyrbar for sarte bilar. Parkerte inn ved Småløyptevatnet og tok sikte inn mot toppen. Lettgått og fin tur når ein først har kome seg inn med bilen.
Eg trur neppe det vert fleire køyreturar på denne vegen for min del. Då vel eg heller å gå lenger.
User comments